På denne siden:

- Drakttradisjoner på

  Hadeland

 

- Hadelandsspringdans

 

Kildematerialet er hentet fra jubileumsheftet som ble utgitt i forbindelse med Furuleiken spell- og danselag sitt 10 års jubileum i 1982.

 

Materialet ble samlet inn av Gunnar Berge og Paul Paulsen som begge var medlemmer i Dans, Musikk og bunadkomiteen i Furuleiken spell- og danselag.

 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Jubileumsheftet er scannet inn, og kan lastes ned som PDF-dokument ved å klikke lenken nedenfor.

Drakttradisjoner på Hadeland

I 1973/74 begynte arbeidet med å finne fram til en mannsbunad på Hadeland.

Går vi tilbake til tiden før 1830  1840 finnes det for lite materiell til å komponere en hel

drakt.

Noe finnes det imidlertid. En del gamle plagg fra begynnelsen  av 1800-tallet og som er oppbevart på Hadeland Folkemuseum. Tre - fire vester av den gamle typen med ståkrave, knebukser i elgskinn, en jakke i vadmel som er kort foran og har flak bak. I tillegg en brudgomsbunad fra ca. 1820 brukt av Ole Vassenden, Bjoneroa. Denne har mørk blå fløyelsbukse og rød brokadevest. Jakken finnes ikke.

Bildet til høyre er Ole Jacobsen Nøkleby f. ca 1780 og Siri Klæstad f. ca 1790.

Nøkleby bærer kort jakke.     

Først da fotografiet begynte å komme kan en finne en del billedmateriell og en del plagg er også godt bevart. Jeg skal først sitere Iver J. Prestkvern som skriver om klær fra den tiden: " Og je hørde folk prata om søllknapper og halendinger. Når en var i byn kunde`n så lett skjelja halendinger frå totning og døl, sa dom. Såg du ein mann i gata med qvite knapper så visste du det var en halending, dei andre hadde gule messingknapper. Ja. Det var det. Ei tid - hå ner det var kan je itte seia - alt meda dom brukte søllspenner i skoa og søllknapper i knebuksa".

Videre står det:

"Rundtrøye - hell kan hende du kaller a stutttrøye - vart sidere, hu vart frakk, og frakken vart flak-kjole som rokk tel knes vælså, jemsid rundomkring med et dele bak som rokk opp åt smal-live så flaka fikk slenge lett og itte hefte gonga for mye. Buksa kraup nedetter den og, og nådde nepå skoa. Hu var smal ned. Slitelær på innsida åt nerkanten, bak og framme. Fore hele vegen ned med sterk leret. Inga underbukse".

Hadelandsspringdans

Det har blitt lagt fleire nye distrikt til folkemusikk- og folkedans-Noreg dei siste åra. Den nye interessa for lokale tradisjonar har fått folk til å leita i nærmiljøet, og det syner seg at praktisk tala alle distrikt har sine lokale tradisjonar i musikk og dans. Lenge var det mest berre dei formrikaste tradisjonane som var påakta, og distrikt med enkle og korte former fall lett utanfor. I dag tek det til å bli akseptert at det er mange andre verdiar i ein tradisjon enn formrikdom. Ein lokal tradisjon er også ein verdi i seg sjølv.

 

Difor har det kome fram i lyset att mange fine og interessante tradisjonar som ikkje har vore påakta tidlegare. Mellom dei er springdansen frå Hadeland som Furuleiken Spell- og Danselag har arbeidd for å registrera og føra vidare. Jamvel om han har vore vel kjend på Hadeland, har han vore ukjend i det organiserte folkemusikk og folkedans-miljøet, og han stod vel i fare for å veikna bort også på Hadelandsbygdene om han ikkje no hadde blitt vigd ny interesse.

 

Springdansen eller springaren er ein av dei viktigaste norske bygdedansane, og den som har aller flest lokale dialektar. Truleg kom han hit til landet ein gong på 15-1600-talet, men då hadde han knapt den store rikdomen på variasjonar som han har i dag. Mykje av det må vi tru har utvikla seg her fordi dei ulike bygdene har utvikla dansen sin ulikt. Særleg viktig har sikkert nye impulsar og nye dansemåtar som kom utanfrå vore. Det er tydeleg at bygdene har reagert ulikt på det og nytta det ut på ulikt vis og meir eller mindre.

 

Når vi samanliknar springdansen på Hadeland med springdansformer i nærleiken, finn vi også her bod om at distrikta har nytta impulsane utanfrå ulikt: I bygdene lengst nord i Vest-Oppland, først og fremst i Torpa, har dei halde fast ved vendingsdelen med snuingar under armane, som dei fleste springarar har. Men dei har ein rundsving som eg held for å vera av relativt ung type, og som finst i mange austlandske masurkavariantar.

 

På Hadeland har dei lite eller ingenting att av vendingsdelen, men dei har ei rundsvingform som eg held for å vera av eldre type. Rundsving med dette prinsippet finn vi att i mange springarar og polsdansen. Rundsvingen har også eit tydeleg lokalt særdrag i det at han blir dansa «på hæla», som det heiter: Når guten gjer kraftigaste delen av snuinga i rungsvingen, legg han tyngda bakover på hælane og svingar på dei.

 

Mykje tyder på at sjølve rundsvingprinsippet slik vi finn det, ikkje berre i springdansen på Hadeland og i Torpa, men i alle springarane på Austlandet utanom Telemark og i mest alle polsformer, kom hit til landet kanskje ein gong omkring 1800.

Truleg kom det som ei enkel danseform med nokre taktar innleiing og så med rundsvingen som hovudmomentet. Somme stader vart rundsvingen teken opp som ein del av den eldre springarforma, ser det ut til. Andre stader vart den enkle rundsvingforma ein ny måte å dansa springar på som levde ved sida av den eldre springaren og etter kvart tevla han ut.

 

På Hadeland ser den nye rundsving-dansen ut til å ha blitt ei sjølvstendig springarform som har tevla ut den eldre springaren vi må tru har funnest. Slik er Hadelandspringaren i nær slekt med den enkle springarforma som finst i øvre Numedal og skotske-springaren som lever ved sida av den gamle springaren i Aust-Telemark mange stader. Vi finn også tilsvarande springdansformer i Østfold, og den enkle polsforma i Trøndelag er av same type.

 

<bilde>

Springdans danses av Wenche og Sverre Sørum, Bjoneroa.

 

Jamvel om desse nye springarformene er relativt korte, har dei likevel fått lokalt særpreg på fleire vis. Både den delen som kjem før rundsvingen og sjølve rundsvingen varierer frå tradisjon til tradisjon.

 

<bilde>

Tradisjonsbærere av springdansen på Hadeland.

 

Det er felles for desse springarformene at dei har halde seg godt i hevd like fram mot i dag. Dei har betre enn dei eldre springarformene greidd å vinna seg ein plass i vanlege gammaldansrepertoar. Difor finn vi mange gode springdansarar på Hadeland mellom 40/50-åringane.

 

Mange stader på Austlandet kom den nye motedansen polkamasurka og den enkle springdansen til å smelta saman i ei ny form. I alle fall er det ei mogeleg forklaring på opphavet til den austlandske masurkaen. Polkamasurkaen kom hit til landet omkring 1850, men det må venteleg ha tatt ei tid før den austlandske masurkaen som fast form var blitt til. I alle fall ser det ut til at det er først fram mot 1900 at han tek til spreia seg frå flatbygdene der han venteleg vaks fram og oppover dalande som t.d. Valdres og Gudbrandsdalen.

 

På Hadeland ser ikkje masurkaen til å ha vunne innpass før no dei seinare åra med kursopplæring. Det er springdansen som har rådd rommet, og namnet masurka har berre kome inn som namn på slåttar fordi ein og har dansa springdans til masurka-slåttar. Elles har nemningsbruken når det gjeld masurka og springdans vore nokså flytande mange stader på det flate Austlandet. Dansane er då og nær i slekt med kvarandre og kan somme stader flyta over i kvarandre.

 

Når ein snakkar med eldre folk i Vest-Oppland om dans, veit mange å gi uttrykk for at springdansen på Hadeland er noko eigenarta, og ulikt det dei kjenner frå sine bygder. Når vi samanliknar danseformene ser vi også at dette er rett.

Springdanstradisjonen på Hadeland har klare særdrag.

 

<bilde>

Anne Halvorsen og Gunnar Berge danser springdans på Furuleikens kappleik på Halvdanshaugen.

 

Enno er store delar av det flate austlandsområdet ikkje kartlagt når det gjeld dansetradisjonar. Det kan bli spanande å sjå kva vi kan lesa om utviklinga av dansen her i landet gjennom dei formene som måtte vera å finna der.

 

Det er ikkje tvil om at folkemusikk og folkedans-Noreg har blitt rikare dei siste åra.

 

Egil Bakka

 

<bilde>

Øivind og Jarle Paulsen i nye Hadelands-drakter. Øivind med kort jakke.